Liastølen
Åpent nå

Liastølen Kultursenter

Liastølen Logo Ferdig 01062017 Gjennomsiktig
Åpent nå
Vanlige åpningstider

Sommer Juli til august

Lørdag 12:00 til 15:00

Midt i sentrum på Beitostølen ligg det gamle Liasælet som eit levande minne om kultur og tradisionar frå gamal tid. Liasælet er bygd av furu som vart hogd på Beitostølen på 1700-talet. Det gamle koselege stølstunet har òg ein hage med ei stor samling av fjell- og nytteplantar.

 

Det var Magnus Sandberg som i 2002 fekk i gang att liv i det gamle sælet, om enn på eit litt anna vis enn før i ti'n. Dottera Solveig Sandberg sa seg villig til å føre det gode arbeidet vidare og overtok drifta i 2010.

 

Sidan 2002 har det om sumaren vore mykje spennande å sjå og oppleva på Liastølen i helgane. Programmet er variert med alt frå t.d. samtaler og foredrag om lokale tema som stølsdrift, folkedraktskikk og fugleliv til demonstrasjonar av gamle handverksteknikkar. Konsertar med song og folkemusikk står òg på plakaten.

 

Stølen er open kvar laurdag kl. 12 - 15 i tida frå jonsok til slutten av august. I opningstida kan ein kjøpe lappar med rømme og syltetøy, saft og kaffi.

Liastølen sel òg lokale bøker og prospektkort med motiv frå stølstunet.

 

Velkomen til open støl!

Veibeskrivelse

Liastølen 2025 06 24 Kl. 14.17.39

Om museumsmannen Eiliv Odde Hauge v/Inger Noraker Raagholt Kl. 12:00

05. jul
Liastølen 2025 06 24 Kl. 14.17.58

Stølsgrenda som vart turistdestinasjon v/ Inger og Harald Flaaten kl. 12:00

12. jul
Liastølen 2025 06 24 Kl. 14.18.09

Stølsminne frå barndom og ungdom på Beitostølen v/ Ingrid Wollebæk, Liv Rangdi Røyne, Gunvor Hegge, Synnøve Sæta m.fl. Kl. 12:00

19. jul
Liastølen 2025 06 24 Kl. 14.18.22

Berre ein traktor v/Gudbrand og Kolbein Dahle kl 12:00

26. jul
Liastølen 2025 06 24 Kl. 14.18.40

Støling ved Bygdin v/Andris og Torstein Kongslien kl. 12:00

02. aug
Liastølen 2025 06 24 Kl. 14.18.48

Slåttonn på Liastølen kl. 12:00

09. aug
Liastølen 2025 06 24 Kl. 14.19.03

Budeiene - døtre av naturen v/Inger Marie Vingdal kl. 12:00

16. aug
Liastølen 2025 06 24 Kl. 14.19.13

Korleis kledde karane i Valdres seg før i ti´n? v/Bodil Enger kl. 12:00

23. aug
Liastølen 2025 06 24 Kl. 14.19.22

Ei reise blant gamle Nordiske skityar i formgjeving, dekor, og bruk v/Le Kristian Ødegaard kl 12:00

30. aug